onsdag 15. april 2015

Lukkeblaff..

Lukka er??
Så mangt! Ein ting eg har lært er at ingen er lukkeleg heile tida. Enn kor lukkelege dei ser ut. Eg har sett slike bloggar kor livet ser ut til å vera som ein dans på roser. Blir ein lukkelegare av å vera vakker? Ha eit strøkent hus?pengar?        Ja kanskje, kortvarig. For kva er lukke eigentleg??  Kan me forlange å kjenne på den heile tida? Om du kjenner deg lukkeleg heile tida ring meg. For eg kjenner ikkje ein person som alltid er lukkeleg.

For bak ein lukkeleg fasade skjuler det seg eit menneske akkurat som du og meg. 

Eg veit at lukke for meg no er å snu meg til baksetet kor han sit og søv og held rundt sin nye bil.  Eg sukkar og kjenner takksamhet før eg køyrer videre. 

Lukka er innom og i korte blaff får den meg til å miste pusten, smile og nestan verte rørt på ein og samme gong. Ta vare på lukkeblaffa, det gjer eg. 

lørdag 4. april 2015

Siger!

I går satt du deg i ein mini gocart ! Eg tenkte dette går kanskje ikkje, eg sa det til og med til dama som hadde ansvaret på bana! Ho sa alle må få prøva. Eg holdte på å gje ho ein klem berre for å seie dei orda.

Eg sa til deg der er gassen, når du vil stoppa tek du foten av den. Så rygga eg bak holdt pusten. No får det gå som det går. Kanskje må eg snart springe utpå bana og løfte deg utav, kanskje du ikkje tråkkar inn gassen og vert ståande. Og me må gå her i frå.

Men du tråkka inn gassen og køyrde,to, TO rundar på den store bana.køyrde ikkje i noko eller nokon. Og stoppa fint inne på plassen saman med dei andre. Eg hadde tårer i augo pusta nestan ikkje. Sto berre og naut synet av min vesle gut som viste meg at han kan! Han forstår. Berre gje meg ein sjangse, og det gjorde me! 

No er me på veg heim frå ein fantastisk påskeferie i Stavanger. Ein ferie med fantastiske naturopplevingar og fine stunder med dei to viktigaste i livene våras, ungane våre. No køyrer me i strålande sol og eg gledar meg til ein påskeaften heime, med smågodt på bordet, ungane i pysjamas og ein god krimfil når dei har lagt seg.

Me er heldige!!!


søndag 29. mars 2015

Autist ?


Alvorleg gjennomgripande utviklingsforstyrring. Dette er det ein får servert. Vel ei diagnose kan kanskje gje nokon svar. Og det er inga tvil om at ei diagnose kan opne dører i forhold til hjelpeapparat. Men guten vår er så mykje meir. Eg likar ikkje å kalla han autist og vil ikkje at andre skal gjere det heller. For kven andre vert kalla diagnosa si. Skal me byrja og kalla dei med diabetes for diabetes? Eller meg for pollenallergi. Tenkte ikkje det nei. Me byrjar med å kalle han David. Og ja han har autisme men dette er ein del av det å vera David, og det kan forklara noko av åtferda hans.

lørdag 28. mars 2015

Laurdagsmagi..


Alle ballongar burde vore som desse. Med lys i! eg trur eg aldri har sett så vakre ballongar nokon sinne.

I kveld mørkla me stova og blåste opp slike ballongar. Det var eit vakkert syn. Små og litt større barnehender som greip om, sparka og fryda seg over ein sanseoppleving utanom det vanlige.

søndag 15. mars 2015

Sjalet

Eg er ikkje matrialistisk av meg! Eg er i aller høgste grad opptatt av gjenbruk og går eit fat eller ein vase i tusen knas tenkjer eg at det var nok ikkje meininga at eg sku ha denne tingen! 

Men så er det dette sjalet, som eg elskar! Akkurat passe longt nydelege blomar og akkurat passe breitt! Eg ser igjennom bilda mine, dagen etter eg gifta meg i las vegas brukte eg dette som skjørt, david brukte det som bukse då han tissa igjennom alle kleda sine då me var på tivoli då han var 3 år, og me ikkje hadde fleire bukser, når eg kjenner meg dårleg må eg ha det på meg, og no ligg det svøpt rundt ein liten bylt som me lengta etter så lenge. Eg ville blitt lei meg om dette sjalet sku forsvinna..... 

Vetlesyster

På eigne bein litt ustø! Enno veit ho ikkje at ho har ein besteven, ho er den næraste han har utanom oss. Han elskar ho klemmer ho, og leiar ho ut på rampestrektokter nett sånn storebrør ska gjera. Berre denne storebroren er spesiell, ho veit det ikkje enno! No ser ho opp til, fylgjer etter, og gjer dei same tinga som han gjer! No er han storebror med stor S og ho vetlesyster med stor V. 

onsdag 11. mars 2015

Guten vår

Han er ein som set bilar opp på rekkje, ein som for tida berre kan drikka av glas med stett på, ein som meinar den beste drikka befinn seg på botnen av flaskene og tømmer til det er berre litt igjen, og nyt denne litle skvetten i fulle drag, ein som ikkje har ord som kan høyrast, men likevel pratar som ein foss, ein som elskar alt med hjul som kan snurrast på, og er overlukkeleg i dag, for i dag skal han få rulla sin fine koffert med hjul på, gjennom 2 flyplassar! Å som han elskar å vera på reis! 

Ein som gjer kvardagen vår utfordrande og unik!