fredag 26. juni 2015

Ikkje lenger liten og søt



Ein gong lo me når du drog av deg alle kleda og sprang ut. Eldre damer kløyp deg i kinnet på butikken, slik som me egentleg hatar at dei gjer berre fordi du var så søt! Og når du la deg ned på golvet i butikken, lo dei som gjekk forbi og kjende seg igjen i situasjonen. Når du stakk av kunne eg berre øke eige tempo og på 1 2 3 lett svinge deg opp i armane mine. 

No er du ni år, og i våre auge framleis det vakraste i verda. Men for andre er du ein stor gut. Og verda har harde forventningar til store gutar. No ler me ikkje lenger. 

søndag 7. juni 2015

Mi greie

Stundom drøymer eg om å reisa til Paris. Ja, det er det eg truar ungar og mann med når eg er trøytt og lei. Nei no tek eg kofferten og reiser til Paris. Eg har aldri vore i paris før, men likevel kjenner eg at byen ligg der og ventar på meg. Det sku liksom bli min litle flukt, eg sku kjøpa meg ein croissont, gå i vintage kjolar, krølle håret og sitte i ein park å ete, medan trekkspelmusikken høyrdes i det fjerne. Tru om eg berre gjer det ein dag. For det er vel sånn det er, i Paris...