søndag 29. mars 2015

Autist ?


Alvorleg gjennomgripande utviklingsforstyrring. Dette er det ein får servert. Vel ei diagnose kan kanskje gje nokon svar. Og det er inga tvil om at ei diagnose kan opne dører i forhold til hjelpeapparat. Men guten vår er så mykje meir. Eg likar ikkje å kalla han autist og vil ikkje at andre skal gjere det heller. For kven andre vert kalla diagnosa si. Skal me byrja og kalla dei med diabetes for diabetes? Eller meg for pollenallergi. Tenkte ikkje det nei. Me byrjar med å kalle han David. Og ja han har autisme men dette er ein del av det å vera David, og det kan forklara noko av åtferda hans.

lørdag 28. mars 2015

Laurdagsmagi..


Alle ballongar burde vore som desse. Med lys i! eg trur eg aldri har sett så vakre ballongar nokon sinne.

I kveld mørkla me stova og blåste opp slike ballongar. Det var eit vakkert syn. Små og litt større barnehender som greip om, sparka og fryda seg over ein sanseoppleving utanom det vanlige.

søndag 15. mars 2015

Sjalet

Eg er ikkje matrialistisk av meg! Eg er i aller høgste grad opptatt av gjenbruk og går eit fat eller ein vase i tusen knas tenkjer eg at det var nok ikkje meininga at eg sku ha denne tingen! 

Men så er det dette sjalet, som eg elskar! Akkurat passe longt nydelege blomar og akkurat passe breitt! Eg ser igjennom bilda mine, dagen etter eg gifta meg i las vegas brukte eg dette som skjørt, david brukte det som bukse då han tissa igjennom alle kleda sine då me var på tivoli då han var 3 år, og me ikkje hadde fleire bukser, når eg kjenner meg dårleg må eg ha det på meg, og no ligg det svøpt rundt ein liten bylt som me lengta etter så lenge. Eg ville blitt lei meg om dette sjalet sku forsvinna..... 

Vetlesyster

På eigne bein litt ustø! Enno veit ho ikkje at ho har ein besteven, ho er den næraste han har utanom oss. Han elskar ho klemmer ho, og leiar ho ut på rampestrektokter nett sånn storebrør ska gjera. Berre denne storebroren er spesiell, ho veit det ikkje enno! No ser ho opp til, fylgjer etter, og gjer dei same tinga som han gjer! No er han storebror med stor S og ho vetlesyster med stor V. 

onsdag 11. mars 2015

Guten vår

Han er ein som set bilar opp på rekkje, ein som for tida berre kan drikka av glas med stett på, ein som meinar den beste drikka befinn seg på botnen av flaskene og tømmer til det er berre litt igjen, og nyt denne litle skvetten i fulle drag, ein som ikkje har ord som kan høyrast, men likevel pratar som ein foss, ein som elskar alt med hjul som kan snurrast på, og er overlukkeleg i dag, for i dag skal han få rulla sin fine koffert med hjul på, gjennom 2 flyplassar! Å som han elskar å vera på reis! 

Ein som gjer kvardagen vår utfordrande og unik! 

Lys!



Eg vaknar til liv igjen no, saman med snøklokker og krokusar. Lenge har me gått i mørket. Eg er diverre flink til å sleppa det heilt inn, inn under huda og der ligg det og ulmar, gir meg, som så mange andre mørke tankar og eit tungt sinn. Eg har vener som elskar den mørke tida, dei tenner lys og kosar seg, eg tenner og lys. Men det lyset som er vanskelegast å tenna er det inne i meg. Men no kjenner eg det igjen, lyset, eg veit ikkje heilt kva det er, men dette skjer kvart år eg kjenner lettelse over å ha klart det! Komt meg heilskinna ut atter ein gong, gjennom mørketida. Kan pusta ordentlig igjen ! 

Dette er ei side med feelgood! Eg vil halde dette så lettbeint som mogleg slik at det blir eit lite lys i kvardagen! Det er nok av urettferdighet, krig , problemer og angst på nyhetene, i avisene, inni meg, og overalt så la det bli med det, og ja eg gløymde nestan det finaste! Eg vil skriva om familien min! Min familie er som din ! Unik og anleis !  Velkommen!