torsdag 21. januar 2016

Naturen er svaret

Ingen er ein betre turkamerat enn deg!i naturen senker du skuldrene og finn din eigen ro. Du kan snu deg i mot oss og peike på øyret, og om litt står me alle heilt i ro og lyttar, så einige om at det er dette som er magi! Er det ein fugl du høyrde? Sildringa av ein liten mest usynleg bekk? Korleis det knakar når me går over frose gras? I naturen delar du dine supersansar med oss, og syner oss korleis du høyrer, ser, og opplever det som er rundt deg! Naturen hjelper oss til å forstå deg og sjå deg som den fantastiske guten du er ❤️

fredag 26. juni 2015

Ikkje lenger liten og søt



Ein gong lo me når du drog av deg alle kleda og sprang ut. Eldre damer kløyp deg i kinnet på butikken, slik som me egentleg hatar at dei gjer berre fordi du var så søt! Og når du la deg ned på golvet i butikken, lo dei som gjekk forbi og kjende seg igjen i situasjonen. Når du stakk av kunne eg berre øke eige tempo og på 1 2 3 lett svinge deg opp i armane mine. 

No er du ni år, og i våre auge framleis det vakraste i verda. Men for andre er du ein stor gut. Og verda har harde forventningar til store gutar. No ler me ikkje lenger. 

søndag 7. juni 2015

Mi greie

Stundom drøymer eg om å reisa til Paris. Ja, det er det eg truar ungar og mann med når eg er trøytt og lei. Nei no tek eg kofferten og reiser til Paris. Eg har aldri vore i paris før, men likevel kjenner eg at byen ligg der og ventar på meg. Det sku liksom bli min litle flukt, eg sku kjøpa meg ein croissont, gå i vintage kjolar, krølle håret og sitte i ein park å ete, medan trekkspelmusikken høyrdes i det fjerne. Tru om eg berre gjer det ein dag. For det er vel sånn det er, i Paris...

onsdag 20. mai 2015

Så enkelt så vanskeleg...

Det gjer noko med ein å sjå barnet sitt på tunge medikament. Så slapp, tung og trøtt at han ikkje orkar å løfte hovudet. Men alikevel vaken, prøvar å lyfte handa, strekk ho litt fram i lufta for å spørje: sitt de der endå? Mamma? Pappa? 

Då kan ikkje pappa lenger motstå, han tek tannlegen sin plass, kyssar panna, ser guten sin inn i augene og legg ei trygg hand på han.  

David slappar av igjen, og er klar for behandlinga.



onsdag 15. april 2015

Lukkeblaff..

Lukka er??
Så mangt! Ein ting eg har lært er at ingen er lukkeleg heile tida. Enn kor lukkelege dei ser ut. Eg har sett slike bloggar kor livet ser ut til å vera som ein dans på roser. Blir ein lukkelegare av å vera vakker? Ha eit strøkent hus?pengar?        Ja kanskje, kortvarig. For kva er lukke eigentleg??  Kan me forlange å kjenne på den heile tida? Om du kjenner deg lukkeleg heile tida ring meg. For eg kjenner ikkje ein person som alltid er lukkeleg.

For bak ein lukkeleg fasade skjuler det seg eit menneske akkurat som du og meg. 

Eg veit at lukke for meg no er å snu meg til baksetet kor han sit og søv og held rundt sin nye bil.  Eg sukkar og kjenner takksamhet før eg køyrer videre. 

Lukka er innom og i korte blaff får den meg til å miste pusten, smile og nestan verte rørt på ein og samme gong. Ta vare på lukkeblaffa, det gjer eg. 

lørdag 4. april 2015

Siger!

I går satt du deg i ein mini gocart ! Eg tenkte dette går kanskje ikkje, eg sa det til og med til dama som hadde ansvaret på bana! Ho sa alle må få prøva. Eg holdte på å gje ho ein klem berre for å seie dei orda.

Eg sa til deg der er gassen, når du vil stoppa tek du foten av den. Så rygga eg bak holdt pusten. No får det gå som det går. Kanskje må eg snart springe utpå bana og løfte deg utav, kanskje du ikkje tråkkar inn gassen og vert ståande. Og me må gå her i frå.

Men du tråkka inn gassen og køyrde,to, TO rundar på den store bana.køyrde ikkje i noko eller nokon. Og stoppa fint inne på plassen saman med dei andre. Eg hadde tårer i augo pusta nestan ikkje. Sto berre og naut synet av min vesle gut som viste meg at han kan! Han forstår. Berre gje meg ein sjangse, og det gjorde me! 

No er me på veg heim frå ein fantastisk påskeferie i Stavanger. Ein ferie med fantastiske naturopplevingar og fine stunder med dei to viktigaste i livene våras, ungane våre. No køyrer me i strålande sol og eg gledar meg til ein påskeaften heime, med smågodt på bordet, ungane i pysjamas og ein god krimfil når dei har lagt seg.

Me er heldige!!!


søndag 29. mars 2015

Autist ?


Alvorleg gjennomgripande utviklingsforstyrring. Dette er det ein får servert. Vel ei diagnose kan kanskje gje nokon svar. Og det er inga tvil om at ei diagnose kan opne dører i forhold til hjelpeapparat. Men guten vår er så mykje meir. Eg likar ikkje å kalla han autist og vil ikkje at andre skal gjere det heller. For kven andre vert kalla diagnosa si. Skal me byrja og kalla dei med diabetes for diabetes? Eller meg for pollenallergi. Tenkte ikkje det nei. Me byrjar med å kalle han David. Og ja han har autisme men dette er ein del av det å vera David, og det kan forklara noko av åtferda hans.