lørdag 4. april 2015

Siger!

I går satt du deg i ein mini gocart ! Eg tenkte dette går kanskje ikkje, eg sa det til og med til dama som hadde ansvaret på bana! Ho sa alle må få prøva. Eg holdte på å gje ho ein klem berre for å seie dei orda.

Eg sa til deg der er gassen, når du vil stoppa tek du foten av den. Så rygga eg bak holdt pusten. No får det gå som det går. Kanskje må eg snart springe utpå bana og løfte deg utav, kanskje du ikkje tråkkar inn gassen og vert ståande. Og me må gå her i frå.

Men du tråkka inn gassen og køyrde,to, TO rundar på den store bana.køyrde ikkje i noko eller nokon. Og stoppa fint inne på plassen saman med dei andre. Eg hadde tårer i augo pusta nestan ikkje. Sto berre og naut synet av min vesle gut som viste meg at han kan! Han forstår. Berre gje meg ein sjangse, og det gjorde me! 

No er me på veg heim frå ein fantastisk påskeferie i Stavanger. Ein ferie med fantastiske naturopplevingar og fine stunder med dei to viktigaste i livene våras, ungane våre. No køyrer me i strålande sol og eg gledar meg til ein påskeaften heime, med smågodt på bordet, ungane i pysjamas og ein god krimfil når dei har lagt seg.

Me er heldige!!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar